Logo Fjaerland
www.sognefjord.no

ENGLISH
DEUTSCH

START


OM FJÆRLAND

ATTRAKSJONAR

AKTIVITETAR

ARRANGEMENT

OVERNATTING

SERVERING

TRANSPORT

VÊR & KLIMA

LENKJER

SISTE NYTT

Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
info-at-fjaerland.org

Destination Fjord Norway

Om Fjærland



Fjærland Turistinformasjon
Fjærland Turistinformasjon ligg i Den norske bokbyen AS i det idylliske Mundal, 3 km frå riksveg 5. grafikk/P6272128min.JPG
Fjærland Turistinformasjon

Mundal er sentrum i Fjærland og her finn ein mellom anna Hotel Mundal, daglegvarebutikk, kaffistova og ferjekaien med passasjerbåt to gonger dagleg til Balestrand i perioden mai-sept. Kontoret er ope frå 1.mai til 30.september, frå 10:00-18:00 kvar dag. Kontaktinformasjon: Tlf.:+47 57693233. Fax:+47 7691278. E-post: info@fjaerland.org



Fjærland
Fjærland er området som omsluttar Fjærlandsfjorden, ein arm av Sognefjorden. Fjærland har 300 fastbuande, og høyrer til Sogndal kommune. Sentrum i Fjærland er Mundal, om lag 3 km frå riksvegen. Landbruk og turisme er dei største næringsvegane i bygda. grafikk/mundal.jpg
Mundal

Alt frå Vikingtida har det vore fast busetnad i Fjærland, men det er funne reiskap som daterer seg attende til nyere steinalder. Folketalet har svinga mykje opp gjennom åra. Kring århundreskiftet var det stor utvandring til Amerika.

I Mundal finn du m.a. butikkar, skulen, kyrkja og turistinformasjonen. Kyrkja er bygd i 1861 og ombygd i 1931. Altertavla er måla av Bernt Tunold. I Mundal finn du òg ei rekkje butikkar som sel brukte bøker, etter at Fjærland i 1996 blei den åttande bokbyen i verda, og den første i Norden.

Fjærland er ei utprega jordbruksbygd. Etter vestnorske tilhøve er gardane heller store og lettdrivne. Jordsmonn og vekstvilkår er gode - særleg med tanke på fòrproduksjon. I dei fleste dalane i Fjærland er det to stølar - ein heimastøl og ein fjellstøl. Stølane har god veg eller sti heilt fram. Få av stølane er i bruk i dag.



Natur og landskap
Landskapet i Fjærland er blitt forma av brear gjennom fleire istider dei siste 2,5-3 millionar år. Høge fjell og U-forma dalar kransar store deltaflater som er bygd opp av lausmassar frå breelvane.
grafikk/landskap.jpg
Variert turterreng, merka stier.

Bøyabreen og Supphellebreen kjem heilt ned til dalbotnen i Fjærland. Breane er utløparar frå Jostedalsbreen - den største breen på fastlandet i Europa. Isen i brefalla har ei rørsle på om lag 2 meter i døgnet, -noko av det høgaste i Noreg. Nedre delen av Supphellebreen ligg 60 m o.h., og er den lågastliggjande breen i Sør-Noreg. Delar av Fjærland ligg innanfor grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparken dekkjer eit område på 1230 km², og kjenneteiknast av store variasjonar innanfor korte avstandar, frå fjord og lågland til fjell og brear.

Jostedalsbreen har vore brukt som ferdselsveg mellom dalane i fleire hundre år. Ei av dei mest nytta rutene på den sørlege delen av Jostedalsbreen var mellom Lunde og Fjærland, over Marabreen.

Bøyaøyri våtmarksområde i Fjærland er verna som naturreservat, særleg pga. fugletrekka vår og haust. 100 ulike fugleartar er observert, og om lag 50 artar hekkar i dette området.



Turisme
Dei fleste verksemdene er bygd opp kring turismen, som har lange tradisjonar i Fjærland. Fjorden, fjella og breane drog utlendingane hit allereie på slutten av 1800-talet. grafikk/breport.jpg
Fjærland - internasjonalt reisemål i over 100 år

Tidlegare vitja ei mengde turistskip Fjærland, og hesteskyss frakta turistane til Bøyabreen og Supphellebreen. I dag går desse turane med buss. Ei rekkje turistskip vitjar Fjærland kvar sommar. Det er særleg den storslegne naturen, stilla og dei gode turtilhøva som gjer at dei besøkande trivest. Turstien frå Supphelledalen opp til Flatbrehytta er inngangsporten for vandrarar til fjellet og på breen. I tillegg har idrettslaget rydda og merka 10 andre turar, frå lette turar på 1/2 time til noko tyngre turar på 5-6 timar.



Korleis reise til Fjærland ?
Inntil 1985 var Fjærlandsfjorden einaste sambindingsvegen med utanverda. I 1986 blei vegen mellom Fjærland og Skei bygd. Denne blei opna av tidlegare visepresident i USA, Walter F. Mondale, som har slektsrøter og namnet sitt frå Fjærland. I 1994 blei vegen vidareført til Sogndal, noko som gjer Fjærland lett tilgjengeleg frå både nord og sør. grafikk/bussar.jpg
Norway Bussekspress - landsdekkande

I dag er det daglege forbindelser med ekspressbussane til/frå m.a. Oslo, Bergen, Flåm, Sogndal, Stryn og Førde. Om sommaren går det passasjerbåt frå Fjærland til Balestrand med korrespondanse til Flåm og Bergen/Oslo.

Frå kaien i Mundal er det buss til breane og Bremuseet. Bussen korresponderer med ferja på fjorden.

For rutetider, sjå Transportlenkja.

Opp igjen


Fjaerland reiselivslag 2010 - webmaster: post'at'sprak-og-data.com