Flatbrehytta
www.sognefjord.no

ENGLISH
DEUTSCH

START

OM FLATBREHYTTA

HISTORIA TIL HYTTA

FJAERLAND.ORG

Flatbrehytta
Kontakt:
Eirik og Gunn Øygard
Tel. 57 69 32 29

Destination Fjord Norway

Flatbrehytta
Flatbrehytta

Turstien opp til Flatbrehytta
Turstien opp til Flatbrehytta

Flatbrehytta med Fjærlandsfjorden i bakgrunnen
Flatbrehytta med Fjærlandsfjorden i bakgrunnen

Historia til hytta

Flatbrehytta blei bygd av patentførar Anders Øygard i 1964 (eit eldre bygg i stein i 1954). Hytta var 50 år i 2004. Ho ligg 996 meter over havet, eit steinkast frå Flatbreen, som er del av Supphellebreen, ein av Jostedalsbreen sine to brearmar i Fjærland.

Flatbrehytta er ein manns draum og ein manns verk - breførar og bonde Anders Øygard (1924 - 1993). Alt som er nytta i bygget, utanom sjølve steinen, er bore opp frå Øygarden ved fjellfoten 900 meter under hytta. Dei seier rekorden er ni turar opp på ein dag! Anders Øygard var kjend som Flatbregubben - eit namn han sjølv også ofte nytta i avisinnlegg. Han var ein ivrig pådrivar for å leggje til rette for at flest mogleg kunne få oppleve fjellet og breen, og Flatbrehytta har m.a. ført til at Flatbreen er den mest nytta opp- og nedgangen til breplatået på Jostedalsbreen.

Då Flatbrehytta opna i 1954, blei den straks eit populært turmål. Sjølv om hytta var berre 3 x 2 m, var det akkurat nok til å gjere turen enklare både for dagsturistar og overnattingsgjester. Her kunne ein få husly og koke seg te og kaffi i dårleg ver, og få ein enklare start på langtur på breen ved å starte frå hytta. Hytta var også lett å finne i uver for dei som kom over breen nordfrå.

Flatbrehytta i Fjærland og breførar Anders Øygard er velkjende namn i norsk bresport. DNT arrangerte det første brekurset på Flatbrehytta i 1962, etter initiativ frå lektorane Øyvind Kulberg og Odd Orheim, begge med tilknyting til Fjærland. Det er særleg den korte vegen frå hytta til isen som gjer at hytta eignar seg godt for brekurs. Og det gjekk ikkje lang tid før Anders og DNT såg trongen for å byggje ei hytte til.

Den nye Flatbrehytta sto ferdig i 1964. Då var mange breentusiastar frå alle kantar av landet med, og ordna m.a. med helikoptertransport, materialar og mykje anna. Dei stifta også "Flatbrehyttas venner" og la ned mange dugnadstimar i Flatbrehyttene, både den gamle "Steinhytta" og "Nyehytta" som er ei trehytte.

Breturar frå Fjærland har lange tradisjonar. Den første autoriserte breføraren her var Mikkel S. Mundal (1857 - 1936), som var ein av grunnleggjarane av Hotel Mundal i 1891. Då Mikkel Mundal ga seg som breførar var det far til Anders, Eirik Øygard (1899 - 1971) som tok over som breførar i Fjærland.

Både Mikkel og Eirik var kjende for forteljarevna si. Med Anders blei denne tradisjonen løfta opp til ein lidenskap som gjorde Flatbregubben kjend og høgt verdsett i vide krinsar. Det er ein lang ubroten turtradisjon frå Mikkel Mundal og William Cecil Slingsby si første nedstiging av Austerdalsbreen i 1894 til dåverande kronprinsesse Sonja og Anders sin nattur på same breen på 1980-talet. I dag er det sønene til Anders, Eirik og Jostein, som fører tradisjonane vidare.


Webmaster: Fjærland reiselivslag 2010