Logo Fjaerland
www.sognefjord.no

  ENGLISH
  DEUTSCH

START


OM FJÆRLAND

ATTRAKSJONAR

AKTIVITETAR

ARRANGEMENT

OVERNATTING

SERVERING

TRANSPORT

VÊR & KLIMA

LENKJER

SISTE NYTT

Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
info-at-fjaerland.org

Destination Fjord Norway

Siste nytt

Damer frå Fjærland modellar for tysk motemagasin.
Motemagasinet Brigitte frå Hamburg har valt seg ut Fjærland, Bokbyen for å ta bilete til presentasjonen av årets haustkolleksjon. Modellane er lokale damer frå Fjærland i alle aldrar.
grafikk/FotoGaute Bøyum.jpg
Foto:Gaute D.Bøyum
13 damer stilte opp og blei fotografert på ulike stader i Bokbyen, i Mundal. Bladet ville ikkje ha for mange ungdommar, men deriomot ulike damer i ulike aldrar med ulike fasongar.

I septemberutgåva av Brigitte får me sjå resultatet, som er pakka inn i ei større reportasje om Bokbyen.

 

Tysk film i Fjærland.
Tysk film speles inn i Fjærland,sommaren 2010.
Det tyske filmselskapet Studio Hamburg er i gong med å spele inn tysk film i Fjærland, mykje lik vår eigen Himmelblå. Store delar av filminga foregår i idylliske Mundal, som er sentrum i Fjærland.

 

NRK lagar TV-serie om ekstremsport langs Sognefjorden.
NRK er i gong med å lage ein serie om ekstremsport langs Sognefjorden og Fjærland er ei av dei seks stadene, som skal filmast. grafikk/186min TJH.JPG
Fjærlandsfjorden.Foto:Trond J.Hansen
Serien skal visast på NRK i 2011,den fylgjer 12 dyktige skikøyrarar i området rundt Sognefjorden. Lasse Kjus skal ha ei rolle i TV-programmet, mellom anna skal han utføre eit stunt inne i Jostedalen.

Serien handlar om meir enn ekstremsport. Gjengen på 12 skal fraktast i ein båt på Sognefjorden og på vegen skal ein få tid til å bli kjend med menneska bak triksane.

Publikum blir kjend med lokalmiljøa i Sogn og deltakarane får smake på den lokale maten og dei lokale råvarane, vitje dei kulturelle stadene og bli kjend med folk i Sogn. Miljøet og naturen står vel så mykje i fokus og det er eit reiseprogram der publikum får oppleve korleis det er i Sogn.

 

Fjord Norge kåra som verdas beste reisemål!
National Geographic har for andre gong kåra Fjord Norge regionen til verdas beste reisemål. Fjord Norge fekk 85 av 85 mulige poeng. grafikk/004forminsking.JPG
Foto: Trond J. Hansen- Fjærlandsfjorden 2008
133 av verdas beste reisemål deltok i den omfattande undersøkinga, utført i 2009 av 437 ekspertar frå National Geographic.

Spesielt evna til å ta vare på den spektakulære og unike naturen, samt sikre eit levande fjordlandskap med busetjing og ekte kultur blir fremheva som viktige grunnar for seieren.

Sjå lenkja nedanfor for resultater frå undersøkinga.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Fjærland- blant Norges mest romantiske reisemål
Fjærland havna på 10 på topp lista over Norges mest romantiske reisemål! grafikk/mundal1-Magnhildmin.JPG
Foto:Norsk Bremuseum
I April 2009, kåra bladet, Reiser og Ferie, dei 10 mest romantiske reisemåla i Norge og Fjærland havna som nummer 9 på lista. Det var den vakre naturen kombinert med følelsen av at verda står stille i Fjærland, som gjorde at bygda vart utpeikt til eit særs romantisk reisemål.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Japansk besøk på Norsk Bremuseum
Japansk TV team og Miss Universe kjem til Bremuseet i Fjærland.
Japansk TV team vitjar Norsk Bremuseum, måndag 12.april kl.11. Med seg er den tidlegare Miss Universe frå Japan og årets kandidat.

Japanerne skal få nyttig informasjon om klimaviten og arbeidet med dette.

-->
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til fjaerland.org)

 

Opp igjen


Fjaerland reiselivslag 2010 - webmaster: post'at'sprak-og-data.com