![]()
![]()
Fjærland turistinformasjon
6848 Fjærland
Tel. 57 69 32 33
Faks: 57 69 12 78
![]()
| Områda rundt Sognefjorden | Indre Sogn omfattar kommunane Luster, Sogndal, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Balestrand og Leikanger. Med bil tek det 1 - 2 timer å nå dei fleste stadene frå Fjærland. Området har i over 150 år vore reisemål for turistar, oppdagarar, kunstnarar, kongar og keisarar frå heile verda. Nedanfor har vi laga ei oversikt over noko området har å by på. |
| * Kulturvandring i Balestrand med m.a. Kviknes Hotel og den engelske kyrkja * Sognefjord Akvarium - Balestrand * Hopperstad stavkyrkje - Vik * Anestølen geitestøl - Sogndal * Kajakkpadling - Luster, Vik og Balestrand * Breheimsenteret Jostedal - Luster * Brevandring på Nigardsbreen - Luster * Urnes stavkyrkje - Luster * Feigumfossen, 218 m høgt fossefall - Luster * Fotturar i Jotunheimen Nasjonalpark - Luster og Årdal * Norsk Villakssenter - Lærdal * Kunstgallerier - Lærdal * Flåmsbana - Aurland --> eiga vevside
| |
| Jølster | Skei er sentrum i Jølster og ligg 31 km nord for Fjærland. Nedanfor har vi laga ei oversikt over noko av det området har å by på. |
| * Breføring på Haugabreen eller guida tur til Snønipa * Astruptunet - heimstaden til målaren Nicolai Astrup * Båttur på Breimsvatnet * Rafting * Fotturar på merka stier * Besøk til Audhild Vikens vevstove med m.a. julebutikk --> eiga vevside
| |
| Sunnfjord | Førde er sentrum i Sunnfjord og ligg 80 km nord for Fjærland. Nedanfor har vi laga ei oversikt over noko av det området har å by på. |
| * Besøk til Sunnfjord Museum og sjå korleis livet var på ein gard kring midten av 1800-talet * Laksefiske i Gaula, Nausta og Jølstra * Vandring på Fossestien langs elva Gaula --> eiga vevside
| |
| Nordfjord | Stryn er sentrum i Nordfjord og ligg 105 km nord for Fjærland. Nedanfor har vi laga ei oversikt over noko av det området har å by på. |
| * Oldedalen m/Briksdalsbreen. * Lodalen - båttur og brear * Brevandring på Bødalsbreen * Nordfjord Museum - folkemuseum * Fjellturar med og utan førar * Stryn sommarskisenter * Vestkapp - Noregs vestlegaste stad på fastlandet * Selje Kloster og historia om St. Sunniva * Kråkenes fyr * Den spesielle Kannesteinen --> eiga vevside
| |
| Vestkysten | Florø er sentrum på Vestkysten og ligg 130 km nordvest for Fjærland. Nedanfor har vi laga ei oversikt som syner noko av det området har å by på. |
| * Havfiske * Tur med hurtiggåande rutebåt til øyane utanfor Florø * Kystmuseet - eit kystkultursenter --> eiga vevside
| |
| Utflukt med bil frå Fjærland | 1. Fjærland - Skei - Sandane - Hyen - Førde - Astruptunet - Fjærland (220 km) |
| Riksveg 5 til Skei (31 km). Vikens vevstove er vel verd eit besøk. Følg E 39 til Byrkjelo og Sandane (38 km). I Sandane ligg Nordfjord Folkemuseum. Frå Sandane følg riksveg 615 til Hyen med fleire kunstgalleri. Turen vidare går gjennom eit vilt og urørt landskap med fleire vatn og vassdrag. Førde er ein av fylket sine to byar og handlesentrum i området. Følg E 39 vidare i retning Skei. Ved Vassenden (19 km) ta av til høgre mot Astruptunet som var den kjende målaren Nicolai Astrup sin bustad. Køyr vidare til riksveg 5 og tilbake til Fjærland. Meir informasjon finn du på http://www.jolster.com , http://www.nordfjord.no og http://www.sunnfjord.no
| |
| 2. Fjærland - Sogndal - Urnes stavkyrkje - Skjolden - Sogndal - Fjærland (160 km) | |
| Riksveg 5 til Sogndal, vidare riksveg 55 i retning Gaupne. Ved Hafslo ta av til Solvorn og ferje til Urnes. Urnes stavkyrkje er Noregs eldste og står på verdsarvlista til UNESCO. Køyr vidare mot Skjolden. Undervegs kort gange til Feigumfossen, 218 m høgt fossefall. Frå Skjolden til Luster (10 km). Dale steinkyrkje frå 1200-talet er i gotisk stil. Vidare til Sogndal og mot Fjærland. Om lag 20 km etter Sogndal er det mogleg med avstikker til Anestølen geitestøl som er i full drift. Meir informasjon finn du på http://www.sognefjord.no
| |
| 3. Fjærland - Balestrand - Gaularfjellet - Astruptunet - Fjærland (155 km) | |
| Ferje til Balestrand kl 1010 m/ankomst 1145. Kulturvandring i Balestrand, kontakt turistkontoret Frå Balestrand ta riksveg 13 over Gaularfjellet, 750 moh., i retning Moskog/Førde. Etter høgste punkt på vegen, ved Hov hyttegrend, ligg Fossestien, ei naturvandring langs elva Gaula. Ved Moskog tek du E 39 mot Skei. Etter 9 km, ved Vassenden, ta av til høgre mot Astruptunet som ligg på sørsida av Jølstravatnet. Astruptunet var målaren Nicolai Astrup sin bustad. Køyr vidare til riksveg 5. Viken vevstove på Skei er vel verd eit besøk. Frå Skei til Fjærland er det 31 km. Meir informasjon finn du på http://www.jolster.com og http://www.sunnfjord.no
|