Bretur på Haugabreen

Denne turen er ein kombinasjon av fjelltur og vandring på breen. Vi er inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark stort sett heile dagen.

Pris 900,- NOK

(minimum 4 personar eller minimum pris 3400,-

Inkludert: Breutstyr (stegjern, isøks, hjelm, klatresele, karabinarar, taug)

Turen startar frå parkeringsplassen ved Haugastøylen om lag 600 meter over havet. Viss du møter guiden der, hugs å ha med 50,- NOK til bomvegen som startar litt lenger nede. Turen går gjennom ein nydeleg U-dal og fram til Haugabreen, ein arm av iskappa Myklebustbreen. Stien er merka og slynger seg gjennom dalen forbi morenar og attmed elver og bekkar med smeltevatn frå breen. Den fyrste halvdelen av turen går i roleg terreng, medan den siste halvdelen er brattare med mykje stein og litt svaberg. Når vi kjem fram til breen brukar vi å eta lunsj eller ta ein kjapp pause, før vi tek på oss breutstyret slik at vi vert utrusta for breturen. Vi har mange moglegheiter for kor vi legg ruta på breen, avhengig av snø- og istilhøve. Kanskje finn vi skjulte holer eller tunellar i breen!

Tidsbruk: 6-7 timar (2-3 timar på breen)

Distanse: 7-8 km

Oppstiging: om lag 500 m

Sesong: Juli-September (avhengig av snø- og istilhøve)

Minimum alder: 12 år.

Vanskegrad: Medium til hard. Medium for personar som er vant til å gå i fjellet. Hard for personar som ikkje er vant til å gå i fjellet.

1-Vandring H Neg_BLAA_10M_20130421.jpg
1-Vandring H Neg_RAUD_10M_20130421.jpg
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til ditt personlege utstyr samt breutstyret de må bera (stegjern, isøks, hjelm, klatresele). På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Bøyum Camping

Ein moderne familiedreven camping