Familietur med fjordutsikt

Pris 200,- NOK

(minimum 5 personar eller minimum pris 1000,-

Dette er ein relativt kort og passe utfordrande tur som passar perfekt for familiar. Den startar i Mundal som er sentrum i Fjærland. Her går vi frå bygda og inn i skogen som etterkvart tek oss oppover terrenget til eit utsiktspunkt. Kring oss ser vi fjell som reiser seg frå fjorden som store kjempar. Heile turen går i ei sløyfe, kor vi for det meste går på sti før vi på slutten går på vegen den siste kilometeren attende til sentrum.

Tidsbruk: 2 timar

Distanse: 3,5 km

Oppstiging: 100 m

Sesong: Mai-Oktober

Vanskegrad: Lett

1-Vandring H Neg_GRONN_10M_20130421.jpg
 
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Fjærland Fjordstove

Hotel & Restaurant