Fjærland Guiding

Ditt neste tureventyr ventar kanskje på deg i Fjærland.

Lat oss hjelpe deg.

-- Alle aktivitetar kan tingast på førespurnad og vi fokuserar på skreddarsydde opplevingar for gjestane våre --

 
 

Fjelltur til flatbrehytta

Eit tureventyr med utsikt til fjorden og breen, og ein inngangsport til Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Type: Fjelltur

Tidsbruk: 6-7 timar

Sesong: Juni-September

Vanskegrad: Middels til hard

Pris: 500,- NOK per person (minimum 5 personar eller minimum pris 2500,-)

Bretur på Haugabreen

Opplev breforma landskap og isbreen i denne dalen med urørt natur og gamalt kulturlandskap.

Type: Fjell- og bretur

Tidsbruk: 6-7 timar

Sesong: Juli-September

Vanskegrad: Middels til hard

Pris: 900,- NOK per person (minimum 4 personar eller minimum pris 3400,-)

Vandring i mundalsdalen  

Ein perfekt familieaktivitet der du vandrar frå bygda og opp til ein fjellstøl i Mundalsdalen.

Type: Vandring

Tidsbruk: 3-4 timar

Sesong: Mai-Oktober

Vanskegrad: Lett til middels

Pris: 300,- NOK per person (minimum 4 personar eller minimum pris 1200,-)


SkeidsnipaTraversen

Ein tur over fleire toppar på ryggen som deler Bøyadalen og Supphelledalen.

Type: Fjelltur

Tidsbruk: 10 timar

Sesong: Juli-September

Vanskegrad: Hard

Pris: 850,- NOK per person (minimum 4 personar eller minimum pris 3200,-)

Kajakk på fjorden

Padling på den rolege Fjærlandsfjorden med breutsikt.

Type: Havkajakk

Tidsbruk: 2/4 timar

Sesong: Mai-September

Vanskegrad: Lett

Pris: 600,-/ 850,- NOK per person (min 2, max 10 gjestar)

Bokbytur

Guida tur med fokus på historie og kultur blant bøker i Mundal.

Type: Bygdevandring

Tidsbruk: 1 time

Sesong: Mai-September

Vanskegrad: Veldig lett

Pris: 200,- NOK per person (min. 2 pers. eller min. pris 400,-. barn gratis)


Vintertur til flatbrehytta

På denne turen kan du oppleve det heilt spesielle vinterlyset.

Type: Fjelltur truger/stegjern

Tidsbruk: 7-8 timar

Sesong: Desember-April

Vanskegrad: Avansert

Pris: 850,- NOK per person (minimum 4 personar eller minimum pris 3200,-)

Lundeskaret i Jølster

Ein tur som går opp bratte stiar og inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Type: Fjelltur

Tidsbruk: 5-6 timar

Sesong: Juli-September

Vanskegrad: Middels til hard

Pris: 500,- NOK per person (minimum 5 personar eller minimum pris 2500,-)

Familietur med fjordutsikt

Ein fin tur for familien eller dei som ynskjer ein lettare tur med fjordutsikt.

Type: Vandring

Tidsbruk: 2 timar

Sesong Mai-Oktober

Vanskegrad: Lett

Pris: 200,- NOK per person (minimum 5 personar eller minimum pris 1000,-)


Kort tur i Bøyadalen

Familievenleg tur opp ein morenerygg like ved Bøyabreen.

Type: Vandring

Tidsbruk: 2 timar

Sesong: Mai-Oktober

Vanskegrad: Lett

Pris: 200,- NOK per person (minimum 5 personar eller minimum pris 1000,-)

Traversen på SKredfjellet

På hemmelege stiar kjem du deg opp på ein rygg som går langs fjorden.

Type: Fjelltur

Tidsbruk: 6-7 timar

Sesong: Juni-September

Vanskegrad: Middels til hard

Pris: 500,- NOK per person (minimum 5 personar eller minimum pris 2500,-)

 

Fjærlandsguidane

Fjærland Guiding er eit nettverk av lokale guidar som jobbar tett saman for å skape spesielle opplevingar. Vårt fokus er sakte eventyr i avslappande natur og spektakulære omgjevnader. Alt frå fjord til bre er mogleg - frå vatn til eng, skog, fjell og is. Vi samarbeidar med lokale mat- og overnattingsverksemder i Fjærland, og andre aktørar innan reiselivet kring Jostedalsbreen og Sognefjorden.

Pål

Dette er “bre-nerden”. Han kjem frå ei fjellbygd austafor Jostedalsbreen. Etter at han oppdaga Fjærland med fjella og breane, så såg han seg aldri attende. Han elskar dei fleste formar for ski, klatring og turar på fjell og bre.

 

Han guidar på fjell- og breturar. Instagram @pgkielland

 

 

JARLE

Jarle.jpg

“Den eventyrlystne oppdagaren”. Han er ein innfødd Fjærlending frå verdas navle, Mundal. Han kombinerer arbeid som snikkar og alt-mogleg-mann, med livet i fjellet. Innimellom reiser han for å utforske høge fjell på andre kontinent. Som Kilimanjaro, Aconcagua og Denali. Hans nyaste eventyr gjekk til Elbrus, det høgste fjellet i Europa. Oseania står for tur…med Carstensz Pyramid i sikte.

Han guidar på fjell- og breturar, samt kajakk på fjorden. Instagram @jarlemundal

 

 

Janne Elin

Janne.jpg

Jenta i gjengen er tøffare enn fjellgeita. Fødd og oppvaksen i nabobrebygda, Jølster. Ho er utdanna lærarinne og personleg trenar, og elskar sjølvsagt å vera INNE i naturen. Ho er sjølvaste sosiale-medie-dronning-av-emneknagg #yolo #fjaerlandguiding #fjellfie på Fjærland Guiding-laget.

Ho guidar på fjellturar og i kajakken på fjorden. Instagram @jannhark

 

 

guidar i bokbyen

Dei er lokale bokelskarar og veit alt om historien og kulturen i Fjærland.

Dei er ekspertar på bøker, sjølvsagt!

 

 

samarbeidspartnarar

tilfjells.png

Tilfjells held til i Jølster i Sunnfjord. Dei driv med guiding i fjellet året rundt, og arrangerar mellom anna kurs i skikøyring, skredkurs og klatrekurs.  Sjekk ut Tilfjells her!

jonnskagen.png

Jonn Skagen held til i Sande i Gaular. Dei er ekspertar på ekspedisjonar til Kilimanjaro - det høgste fjellet i Afrika. Meir om Jonn Skagen her!

norsk bremuseum.gif

Norsk Bremuseum er eit spennande museum for heile familien med masse kunnskap om brear og klima. Dei er ein viktig partnar i høve administreringa av Fjærland Guiding. Sjå informasjon om Norsk Bremuseum her!

Fjaerland Fjordstove.jpg

Fjærland Fjordstove Hotel er ein framifrå stad for overnatting, mat og drikke. Hotellet er perfekt base for gjestar som vil på tur med Fjærland Guding. Les om Fjærland Fjordstove Hotel her!

Bøyum Camping

Bøyum camping er ein moderne familiedreven campingplass som ligg i skjøne omgjevnader mellom Jostedalsbreen og Fjærlandsfjorden - ein arm av Sognefjorden. Dette er ein ypparleg base for dei som vil på tur med Fjærland Guiding. Meir info om Bøyum camping finn du her!