Fjelltur til flatbrehytta

Dette er eit tureventyr som byr på fantastisk utsikt i fint vêr, kor du kan sjå fjorden og breen på same tid medan du også er inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Brevandring på Supphellebreen eller vidare toppturar i nærleiken kan inkluderast på førespurnad (ekstra kostnad).

Pris 500,- NOK

(minimum 5 personar eller minimum price 2500,-

Turen startar frå parkeringsplassen ved Øygard i Supphelledalen, om lag 30 meter over havnivå. Her går vi på ein god sti gjennom skogen, vi kryssar elver og bekkar med smeltevatn frå snø og bre, før vi kjem oss oppover mot den sørlegaste utløpsbreen frå Jostedalsbreen; nemleg Supphellebreen (også kalla Flatbreen). Brefronten ligg på om lag 1000 meter over havet.

Vi kan gå ulike stiar som tek oss nærare breen, før vi et lunsj i området utanfor Flatbrehytta og etterkvart startar på dei vel tusen høgdemeterane ned att til dalen. Total distanse er 7-8 kilometer og stien går i delvis bratt og ulendt terreng. Ta gjerne med vandrestavar for å spare kne og ledd på veg ned.

Tidsbruk: 6-8 timar

Distanse: 7-8 km

Oppstiging: Ca 1000 høgdemeter

Sesong: Juni-September (eller spør oss om tilhøva andre tider på våren/hausten)

Vanskegrad: Medium til hard. Medium for personar som er vant til å gå i fjellet. Hard for personar som ikkje er vant til å gå i fjellet.

1-Vandring H Neg_BLAA_10M_20130421.jpg
1-Vandring H Neg_RAUD_10M_20130421.jpg
 
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Bøyum Camping

Ein moderne familiedreven camping