Kort tur i Bøyadalen

Turen i Bøyadalen tek deg opp ein morenerygg frå den Vesle Istida, i trygg avstand frå Bøyabreens mektige brefall. Dette er ein lett og familievenleg tur i spektakulær natur heilt “fremst” (det betyr inst i Sogn) i Bøyadalen.

Pris 200,- NOK

(minimum 5 personar eller minimum pris 1000,-

Vi startar frå parkeringsplassen like ved brevatntet, om lag 150 meter over havet. Her går vi roleg gjennom lauvskogen før vi byrjar på moreneryggen som breen avsette kring år 1750. Denne ryggen vert kalla for Almerinden. Stien er god, men nokre stader smal og litt bratt. På toppen av ryggen får vi utsikt mot både breen og brevatnet frå ei høgde på om lag 400 meter over havet. Returen ned att går på den same stien som vi gjekk opp.

Tidsbruk: 2 timar

Distanse: 2 km

Oppstiging: 250 m

Sesong: Mai-Oktober

Vanskegrad: Lett

1-Vandring H Neg_GRONN_10M_20130421.jpg
 
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Bøyum Camping

Ein moderne familiedreven camping