Lundeskaret

Dette er ein tur som tek deg opp bratte trinn gjennom Lundeskaret og inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

IMG_3538_a-web.jpg

Pris 500,- NOK

(minimum 5 personar eller minimum pris 2500,-

Vi startar frå ein parkeringsplass ved riksveg 5, like nordafor Fjærlandstunnelen. Stien vart oppgradert av sherpaer som steinsette delar av den i 2016. Lokale krefter opparbeida den opprinnelege stien allereie i 1906.

Opp Lundeskaret tek det 1-1,5 timar, før det gradvis vert slakare siste delen av turen. Her kan ein velje kor ein ynskjer å gå; mot fronten av Marabreen eller opp på Tverrfjellet. I dette området får vi utsikt til både brear og ut den storslåtte Kjøsnesfjorden.

Ein annan variant er å krysse Marabreen for å gå ned i Bøyadalen i Fjærland (klassikaren Lunde - Fjærland). Kontakt oss for pris og moglegheitar for denne utvida turen!

Tidsbruk: 5-6 timar

Distanse: 8 km

Oppstiging: 900 m

Sesong: Juni-September

Vanskegrad: Medium til hard. Medium for personar som er vant til å gå i fjellet. Hard for personar som ikkje er vant til å gå i fjellet.

1-Vandring H Neg_BLAA_10M_20130421.jpg
1-Vandring H Neg_RAUD_10M_20130421.jpg
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Bøyum Camping

Ein moderne familiedreven camping