Boknatta 2018

Laurdag 2. juni er det boknatt i Fjærland

Bokbyen set opp ei stor mengd telt og lagar bokfest på det nye torget i Mundal. Mengder med bøker og litt anna vert å finne på årets store bokmarknad denne kvelden i ei vakker sognabygd.

boknatta16.jpg

 

Forfattarar, torgstemning, musikk mat og drikke. 

På programmet skal me mellom anna markere Vinjejubileet i samarbeid med Rom for Ord, me får besøk av vinnaren av årets kritikarpris, Øystein Vidnes, samt Ragnar Hovland og Tove Bakke. I tillegg kjem Eivind Ødegård og Rune Olstad, det vert harpekonsert i kyrkja med Sæther & Sagerøy og Seniordans på torget.

Eige program på Barnas bok-kafé. Det vert og arrangert tur på fjorden med Fjærland Guiding og tur til Olastova for  å sjå kunst og handverk. Bokbutikkane held ope til langt utover kvelden.

2016_boknatta_claudia neubert (79).jpg

 

Meir om arrangementet på www.bokbyen.no

Velkomen til Bokbyen!

 

In English:

Saturday June 2 is the annual bookfestvial in The Booktown. Writers, concerts and an outdoor bookfair. The book-shops will be open until late night. Food, drink and a lovely atmosphere.

Welcome!