Fjærland Guiding også på nynorsk

No er Fjærland Guiding sine tilbod lansert på nynorsk. Sprei gjerne det glade bodskap.

Dei som er knytt opp til guidenettverket Fjærland Guiding har ikkje så mykje vettugt å ta seg til når vi (synd men sant) ikkje har det heilt store guidingtilbodet vinterstid. Men hovudet kan da til nøds nyttast slik at det ikkje frys heilt til i løpet av vinteren, som forresten har vore alt for mild så langt i våre auger (les: likar tørr laussnø!).

Ikkje frå i dag, men frå nokre år sidan på ein kryssing av Supphellebreen for å koma opp til Myrhaugsnipa. Foto: Pål Gran Kielland.

Vi må diverre skuffe å seie at vi ikkje har klart å omsette engelsk til bygdamaol, men vi håpar på tilgjeving for at nynorsk er innanfor.

Det verkar kanskje ikkje så stort sett utanfrå å ha innhald på norsk på ei norsk nettside i eit norskt land, eh Noreg, men for oss er det veldig hyggeleg. Majoriteten av gjestane våre kjem frå andre stader på planeten enn Noreg, men med nynorsk innhald så vert vi forhåpentlegvis enno meir aktuelle for det norske segmentet også. Så no håpar vi å vera godt rigga for guidingsesongen 2019.

God vinterhelsing

Guiding-laget i Fjærland Guiding