Skeidsnipatraversen

Vi utforskar dei store fjellformasjonane i Fjærland, omkransa av brear, og får ein fjordutsikt utan sidestykke. 

IMG_2860_1-web.jpg

Pris 850,- NOK

(minimum 4 personar eller minimum pris 3200,-

Turen startar om lag på fjordnivå og vi fylgjer ein bratt rygg mot majesteten “midt i Fjærland”, nemleg Skeidsnipa med toppunkt på 1438 meter over havet. Dette er ein hard tur som passar folk i god form og som ikkje har problem med høgder. Så og seie heile turen opp er det spektakulær utsikt til alle kantar. Totalt skal vi klyve oss over tre toppar før vi tek oss ned mot Flatbrehytta og stien til Supphelledalen.

Tidsbruk: 10 hours

Distanse: 10-12 km

Oppstiging: Om lag 1700 høgdemeter (totalt pga fleire toppar)

Sesong: Juli-September

Vanskegrad: Hard for personar som ikkje er vant til å gå i fjellet.

1-Vandring H Neg_RAUD_10M_20130421.jpg
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Fjærland Fjordstove

Hotel & Restaurant