Traversen på Skredfjellet

Denne turen går på skjulte stiar laga av lokale folk og fe, på ein fjellrygg attmed Fjærlandsfjorden. Dette er ein utsiktstur av dei sjeldne.

IMG_3538_a-web.jpg

Pris 500,- NOK

(minimum 5 personar eller minimum pris 2500,-

Vi startar med å gå gjennom ope kulturlandskap, gjennom skogen og opp stadvis bratte lier. Stien kan verke utfordrande for nokon, men premien til den som kjem seg opp er storslått utsikt mot bre og fjord. Når vi kjem over skoggrensa fylgjer vi ryggen på Skredfjellet vidare mot Middagshaugen og toppunktet på 1030 meter over fjorden. Attende går vi gjennom ein fjelldal før vi kjem tilbake til start, slik at heile turen blir ein flott og variert rundtur.

Tidsbruk: 6-7 timar

Distanse: 10 km

Oppstiging: 860 m

Sesong: Juni-September

Vanskegrad: Medium til hard. Medium for personar som er vant til å gå i fjellet. Hard for personar som ikkje er vant til å gå i fjellet.

1-Vandring H Neg_BLAA_10M_20130421.jpg
1-Vandring H Neg_RAUD_10M_20130421.jpg
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Fjærland Fjordstove

Hotel & Restaurant