Vandring i Mundalsdalen

Pris 300,- NOK

(minimum 4 personar eller minimum pris 1200,-

Turen i Mundalsdalen er ein snill og fredfull vandring frå fjord til støl. Her går vi attmed jorder og enger som har blitt dreve av dei lokale heilt attende til vikingtida. Turen startar i Fjærland sentrum, ved turistinformasjonen i Mundal. Guiden kan gladeleg også møte deg på avtalt lokalitet i bygda, etter ynskje. Frå Mundal går vi roleg fram (les: innover som Sogningane meiner) i dalen. Rundt oss tårnar majestetiske fjell som stig mot himmelen som eldgamle kjempar, eller troll om du vil. I starten går turen på ein roleg veg, før vi etterkvart kjem over på skogsvegen og mot slutten på ein sti som går litt bratt fram til Mundalfjellstølen heilt øvst i dalen. På stølen et vi lunsj før vi etterkvart går den same vegen attende til sivilisasjonen.

Tidsbruk: 3-4 timar

Distanse: 10 km

Oppstiging: 350 m

Sesong: Mai-Oktober (eventuelt tidlegare eller seinare på sesongen etter ynskje og snøtilhøve)

Vanskegrad: Lett til medium. Lett for personar som er vant til å gå på tur. Medium for personar som ikkje er vant til å gå på tur.

1-Vandring H Neg_GRONN_10M_20130421.jpg
1-Vandring H Neg_BLAA_10M_20130421.jpg
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler/solide terrengjoggesko, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Fjærland Fjordstove

Hotel & Restaurant