Vintertur til Flatbrehytta

Dette er eit vintereventyr av ein tur med utsikt til fjell og bre i Jostedalsbreen Nasjonalpark. 

Pris 850,- NOK

(minimum 4 personar eller minimum pris 3200,-

Inkludert: stegjern/trugar, staver, isøks.

Turen starter i Supphelledalen om lag 50 meter over fjordnivå. Terrenget er delvis bratt oppover snøbakkar og mot Jostedalsbreens sørlegaste utløpar; Supphellebreen som ligg på 1000 meter over havet. Vidare kan vi gå nærare breen før turen går ned att i dalen.

Tidsbruk: 7-8 timar

Distanse: 7-8 km

Oppstiging: om lag 1000 høgdemeter

Sesong: Desember-April (avhengig av snøtilhøva, skredfare og vêr)

Vanskegrad: Avansert

1-Vandring H Neg SORT_10M_20130421.jpg
 
 
 

Utstyr du treng: fjellstøvler, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til utstyret. På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen. 

Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.

Anbefalt overnatting i nærleiken av denne aktiviteten:

Fjærland Fjordstove

Hotel & Restaurant