Korleis lever dei der? 

Det finst ingen stader som Fjærland. Det er ein eksklusiv plass. Om lag 280 menneske bur her no, midt i den mest ekstreme naturen landet har å by på. Fjærland er godt plassert mellom arbeidsmarknader i Sogn og Sunnfjord, med puddersnø utfor dørstokken og med eit bu- og oppvekstmiljø som vil fylla både vaksne og born med meining og meistring. Dette er heimen vår, og det kan bli din. Kontakt oss viss du vil bli ein av oss, og les gjerne meir under.

 

Vevkamera I Mundal, fjærland, akkurat no!

Webkamera Mundal: Fjærland - Europa, Norge, Mundal
 

mundal

Mundal er sentrum i Fjærland, og ligg om lag 3km frå hovudvegen (riksveg 5). Her er skulen og barnehagen, kyrkja, butikken, hotella, bokbyen, turistinfoen og andre tenester, og dei fleste bur her. Kyrkja frå 1861, ombygd i 1931, er opa for publikum om sumrane. Den norske bokbyen er den fyrste i Skandinavia og den 8. i verda, og gjer ledige hus i Mundal om til bokbutikkar av alle slag. Sumartid går turistbåten til og frå Balestrand.

Mundal ein varm sumardag. Foto: Finn Loftesnes.

Mundal ein varm sumardag. Foto: Finn Loftesnes.

Me som bur her, jobbar innanfor alle bransjar, både offentleg og privat. Mange av oss lagar våre eigne jobbar. Det er lett å vera gründer hjå oss, fordi idear blir vel mottekne og støtta. Fjærland har alltid vore ei landbruksbygd, og har store og lettdrivne gardar etter vestlandsmålestokk. Sidan 1890-talet har òg turisme vore viktig, så mange av oss har jobbar innanfor reiselivet - og fleire kan det bli, her finst gode høve til å utvikla spesielt vinterturismen. 

Me er plassert midt mellom Skei og Sogndal, og fastbuande i Fjærland utnyttar plasseringa og pendlar både mot Sogn og Sunnfjord. Nokre pendlar òg til Fjærland.

 

jobb og fritid

Året i Fjærland har to ganske klårt skilde delar: Vinter og sumar. Om sumaren har me det travelt med alt som har med reiseliv å gjera, og me arrangerer boknatt, konsertar og tilstellingar. Vinteren er tida for å planleggja til neste år, og til å driva mylderet av organisasjonar her. Etter folketalet har Fjærland eit særs høgt tal organisasjonar. Du vil finna noko som passar for deg, uansett evner, interesser og ambisjonsnivå. Dans og musikk, alle slags idrettar og friluftsliv, jakt og fiske, handverk, historie, næring og livsmeistring, for å nemna noko. Meir enn nok, både for born og vaksne.

Gløym heller ikkje det velfungerande lokaldemokratiet vårt: På bygdamøte kjem me saman og drøftar vår eiga framtid. Me eig det som skjer her saman, og me har plass til nye idear og menneske. Her utgjer du ein skilnad. Du har noko å seia for oss.

 

Sogndal KOMMUNE

Fjærland er ein del av Sogndal kommune. Kommunesenteret Sogndal ligg ein halvtimes køyretur sør for Fjærland. I heile kommunen bur det om lag 8000 menneske (2018).

 

næringsliv i fjærland

Det er eit variert næringsliv i Fjærland, der mange lagar og driv sine eigne verksemder. Desse har sin eigen organisasjon i Fjærland næringssamskipnad. 

 

Bustad

Søk "Fjærland" på Finn.no viss du er interessert i å kjøpa eller leiga bustad, eller kontakt oss om du vil ta ein prat om å bu her, midt i smørauga av alt.

 

Bulyst? Kontakt gjerne Bygdautvalet i fjærland ved å fylle ut kontaktskjema nedanfor.

Namn *
Namn