Velkomen til Fjærland

 

Vakre Fjærland er staden der Sognefjorden og Jostedalsbreen møtest. Kvite og blå brearmar heng nedover dei stupbratte fjellsidene, og turistar seier at dette er den vakraste brebygda i heile verda. Fjærlendingane er sjølvsagt samde i det! Bygda med sine om lag 300 innbyggjarar er offisielt ein internasjonal bokby, med 10 originale bokutsal som tidlegare har vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.

Fjærland byr på eit unikt utval av moglegheiter for overnatting, aktivitetar og matservering. Mellom anna kan vi nemne gamle ærverdige trehotel, eit bremuseum, restaurantar nedanfor breen eller like ved fjorden, nydeleg plasserte hytter for utleige og uforgløymlege aktivitetar som kajakk, brevandring, toppturar eller rolege lågterskelturar i låglandet gjennom dei frodige dalane og langs fjorden.

Og til slutt; viss du er verkeleg interessert i denne brebygda, så bør du sjekke ut korleis det er å bu i Fjærland.

Velkomen til Fjærland!

 
 

Den idylliske Fjærlandsfjorden.

Om

Fjærland ligg ved Fjærlandsfjorden, som er ein del av Sognefjorden. Fjærland er ei bygd i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Sentrum heiter Mundal og ligg ved fjorden om lag 3 kilometer frå riksveg 5. Mange av menneska i Fjærland jobbar til dagleg innanfor landbruket og turismen.

Lær meir →

Kyr på beite framfor Bøyabreen.

Ting å gjera

Fjærland er ein framifrå destinasjon for fjellturar, brevandring og aktivitetar på fjorden om sommaren. Fiske i fjorden eller i elvane, i spektakulære omgjevnader, står ikkje attende for noko. Om vintaren kan skiturar til majestetiske fjelltoppar gje deg uforgløymeleg utsikt til fjorden og laus villsnø.

Finn ut korleis →


Turar - Brevandring - KajakK - Bokby - Brebuss