Hus og arbeid i Fjærland

Det du treng for å bu hjå oss

 

Arbeid

Det viktigaste for å kunna bu ein plass, er hus og arbeid. Hjå oss kan du få båe delar - les meir under.

Fjærland ligg godt plassert for å få seg jobb, både i og utanfor bygda. Det er fleire framgangsmåtar for å skaffa seg arbeid. Ofte er det beste å møte opp hjå moglege arbeidsgjevarar, eller sjølvsagt skriva søknader på dei jobbane som er lyste ut. I nærområdet vårt, Sogn og Sunnfjord, er det mange ledige jobbar innan til dømes

  • bygg og anlegg

  • helse

  • turisme og guiding, både vinter og sumar

  • sjå elles ledige stillingar i nærområdet på Finn eller Nav

Det ligg òg til rette for å skapa sin eigen jobb, spesielt innan naturbaserte næringar. La oss kasta fram ein av fleire idear: Det er fullt mogleg å livnæra seg som til dømes næringsbirøktar, kanskje kombinert med guiding på vintertid. Alle kreative yrke vil òg trivast godt i Fjærland. Kunst og litteratur trivst godt i kunst- og bokbyen Fjærland. Mange tidlegare tilsette i bokbyen er i dag forfattarar.

Dei som kjem med idear til oss, blir godt mottekne. Fjærland har eit fungerande lokaldemokrati som har vore med på å lyfta fram dei fleste av attraksjonane og arbeidsplassane som er her i dag. Me er gjerne med på å setja deg i gang.

 

hus

 

Fleire familiar har valt Fjærland som plassen dei vil slå seg til. Det finst både ledige tomter og hus. Kombiner det med ei god plassering for arbeid, fine oppvekstvilkår og eit triveleg og spesielt samfunn, så har du ein yndlingsplass for mange.

I Fjærland, som mange andre bygder i Noreg, er det mange hus som står tomme. Diverre er det ikkje alltid lett å finna ein plass å bu likevel.

Difor jobbar me aktivt med å skaffa hus til alle som har lyst til å prøva ut bygda. Me har lokalkunnskapen du treng, og ei eiga gruppe som jobbar berre med å skaffa deg hus. Kontakt oss, så hjelper me deg. Me har fleire bustader å velja i, både som mellombels og meir permanent løysing.