Fjærland gjestehamn

Koordinatar: 61,40458 6,74112

Antal båtplassar: 16 gjesteplassar - 5 ved flytekai og 11 ved kai.

I 2016 stod gjestehamna klar. Med 16 båtplassar og over 100 meter lang bryggje er Fjærland blitt eit populært reisemål for båtfolk. Frå gjestehamna, som ligg i Mundal sentrum, kan ein sjå nordover og inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Jostedalsbren er den største isbreen på det Europiske fastlandet. Breen du kan sjå frå kaia er Supphellebreen, også kalla Flatbreen, som er den sørlegaste armen frå Jostedalsbreen.

Gjestehamna i Fjærland har fasilitetar som vatn, straum, bosskontainar og servicebygg med toalett, dusj og vaskemaskin. Langs bryggja finn du både Kafé Inkåleisn og Joker-butikken. Mellom Joker og kafeen ligg Fjærland Guiding sin vetle butikk. Her er det ymse å få kjøpt, samt utleige av kajakk, SUP, kano og sykkel. Fjærland Guiding tilbyr også fjell- og breturar.

I nærleiken av gjestehamna finn du også sjølvbetent turistinformasjon, Den Norske Bokbyen, Straumsvåg Antikvariat og Fjærland Fjordstove Hotell.

“Brebussen” går dagleg frå kaiområdet til Norsk Bremuseum og Brævasshytta/Bøyabreen i sommarsesongen. Det er også fint å gå eller sykle til Norsk Bremuseum som ligg om lag 2,5 unna. På vegen innover fjorden passerer du fuglekikartårnet ved Bøyaøyri naturreservat og Bøyum Camping med pub og matservering. Utover langs fjorden er det også fint å sykle, mellom anna til Jordal, vel ei mil sørover frå Mundal. Fjærland Hytter tilbyr mellom anna utleige av el-sykkel.

Gjestehamna i Mundal sentrum (Foto: Claudia Neubert)

Gjestehamna i Mundal sentrum (Foto: Claudia Neubert)