SJå breane
Bøyabreen (Gaute D. Bøyum)
Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet og har fleire brearmar som flyt ut i ulike retningar. I Fjærland kan du koma deg veldig nært to av desse brearmane, nemleg Bøyabreen og Supphellebreen.
Breturar
Spennande blåis (Pål G. Kielland)
På fleire av brearmane til Jostedalsbreen blir det i sommarhalvåret dagleg arrangert brevandring med røynde breførarar. I Fjærland kan du gå tur på Flatbreen; ein krevjande, men flott tur der oppstigninga til Flatbrehytta er på nesten tusen høgdemeter. Snillare breturar finst til dømes på Haugabreen i Jølster eller Nigardsbreen i Jostedalen. Lokale og lommekjente Fjærland Guiding tilbyr guiding på fjell og bre.
Vandring
Vandring ved Supphellebreen (Pål G. Kielland)
Vandring i Fjærlandsfjella eller i dei frodige dalane i låglandet gjev deg eit breitt spekter av turmoglegheiter. Lokale guidar i Fjærland Guiding tilbyr dei ekstra ingrediensane du søkjer for å få ei heilt spesiell oppleving. Fjærland er ein av få plassar på planeten der du kan sjå bre, fjord og fjell på same tid.
Kajakk
Kajakk på fjorden (Gaute D. Bøyum)
Kajakkpadling på den rolege Fjærlandsfjorden er ein aktivitet som bør opplevast om sommaren! Fjærland Fjordstove Hotel tilbyr i samarbeid med Fjærland Guiding både kajakk og andre båtaktivitetar på fjorden. Dette kan vera robåt til utleige, personleg fiskeguide, eller guida båttur til isolerte og historiske fjordbygder i Fjærlandsfjorden. Sogndal Lodge tilbyr høg-kvalifiserte guidar for trygge fjordopplevingar.
Ski
Villsnøjakt (Pål G. Kielland)
Vinteren er full av gleder i det kvite elementet. Her kan du gå langrenn, topptur eller ha det gøy i eit lokalt alpinanlegg. I og kring Fjærland finst det spennande moglegheitar og vanskegradar som passar for alle.
Norsk Bremuseum
Norsk Bremuseum (Gaute D. Bøyum)
Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte. Panoramafilm, klimautstilling, utandørs leikepark for born, kafé, gratis parkering, nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.
Den Norske Bokbyen
Bøker og fjord (Den Norske Bokbyen)
I Mundal finn du Den norske bokbyen med fleire utsal av brukte bøker. Fleire kilometer velsorterte bokhyller i særprega og spennande bokutsal. Bokbyen har litteratur for ein kvar smak, og alle aldrar, i tillegg til kreative aktivitetar for store og små. Bokbyen opna i 1996 som den åttande internasjonale bokbyen i verda og den fyrste i Skandinavia.
Sykkel
Biking in Mundal (Norwegian Book Town)
Det er fine moglegheiter for sykling i Fjærland. Det er i tillegg bra for helsa og bra for miljøet. Sykkel til utleige finn du på turistinformasjonen og hjå Bøyum Camping.
Elvefiske

Elvefiske under breen.
Flatbrehytta
Flatbrehytta (Gaute D. Bøyum)
Flatbrehytta ligg 1000 meter over fjorden og like ved sida av den mektige Flatbreen. Utsikta til både fjord og bre på same tid er verkeleg upåklageleg! Turen opp til hytta er spektakulær, delvis bratt og fysisk krevjande. Vi rår alle turgåarar til å vurdere sin eigen fysikk eller å leige guide.
Tidsbruk: 2-4 timar opp og 2-3 timar ned (totalt 4-7 timar).
Brebussen
Sjå breane (Pål G. Kielland)
Brebussen har to avgangar kvar dag i perioden 01.06-15.09. Bussen korresponderar med turistbåten som kjem frå Balestrand. Den fyrste turen går til både Supphellebreen og Bøyabreen, og den andre turen går til Bøyabreen. Bussen stoggar ved Norsk bremuseum, som du kan besøkje mot betaling. I høgsesongen om sommaren er det engelsktalande guide ombord i bussen som køyrer dagleg i juni, juli og august.
Fjord- Og Brecruise
Fjord- og brecruisen kjem (Finn Loftesnes)
Fjord- og brecruise på Fjærlandsfjorden går mellom Fjærland og Balestrand i juni, juli, august og september (15.sept). Dette er ein passasjerbåt med korrespondanse til Sogndal/Flåm og Bergen.
Trykk på knappen for rutetider.
Bøyaøyri Naturreservat
Luftfoto av deltaet (Norsk Bremuseum)
Bøyaøyri er eit elvedelta inst i Fjærlandsfjorden og er verna som naturreservat. Dette er eit våtmarksområde der opp til 100 ulike fugleartar er observerte. 50 av desse artane nyttar området til hekking.